Berit takkar av etter 24 år som leiar


Etter 24 år som leiar i Høyanger sanitetsforening takkar Berit Oma av.

– Eg har hatt mange fantastiske år som leiar, der eg har vore med på mykje og hatt mange flotte opplevingar. Men eg tykte at det no var på tide å gje stafettpinnen vidare til yngre krefter med eit anna nettverk, som er viktig med tanke på rekrutteringa, seier Berit Oma til Ytre Sogn.

Den som tek over stafettpinnen etter Oma – og skal leie Høyanger sanitetsforening vidare – er Torill Bjørkum.

– I Høyanger har vi rundt 170 medlemmar med ein arbeidskomité på sju som organiserer arbeidet. Eg vil framleis ta del i foreiningsarbeidet, men det vil skje frå litt lengre bak i rekkene, seier Oma, som vart kjend med saniteten og arbeidet deira etter at ho i rundt 10-årsalderen var med i barnesaniteten med tilhald i Sanitetshuset i Parken i Høyanger, som foreininga kjøpte i 1934.

– På den tida då vi vaks opp budde vi trongt, så vi var for det meste ute og leika fordi ein ikkje hadde plass til å ha fleire inne, på besøk heime. Så barnesaniteten var ein veldig kjekk stad å vere, der vi ungane fekk halde på med ulike ting, seier ho.

Men det var først som småbarnsmor i 1970 at ho vart medlem i saniteten, og tre år seinare var ho med på å starte ungdomssaniteten i Høyanger.

I 1996 tok ho over som leiar i Høyanger sanitetsforening, og i åra etterpå har ho vore med på mykje. Eit spesielt minne har ho frå 2014, då ho var ein av fire representantar frå kvart fylke som vart invitert til teselskap på Slottet.

– Det var ei fantastisk oppleving, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!