Ber Statkraft om å flytte vegbom i Breidalen


– Ved å flytte vegbommen kan ein nytte bil opp den bratte stigninga, slik at folk i alle aldrar lettare kan nytte seg av det flotte området i Breidalen, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn.

I eit brev til Statkraft ber han dei om å flytte vegbommen ved Sauehellaren opp til toppen av vegen mot Nedre Breidalen. I dag er det nemleg berre kraftselskap, entreprenørar, grunneigarar og hytteeigarar som fritt kan nytte vegen opp i Breidalen. Det ber Høyanger-ordførar Petter Sortland om at det no kan bli ei endring på.

– Interessa frå ålmenta for å nytte dette området er aukande, og underteikna har seinare tida blitt kontakta av både privatpersonar, lag og organisasjonar om å ta saka opp att med Statkraft og grunn- og hytteeigarar i området, seier han til Ytre Sogn.

– Ønskjet deira er å flytte bommen opp på toppen av vegen mot Nedre Breidalen, slik at ein kan nytte bilen i den bratte stigninga. Når ein er komen opp er terrenget slik at folk i alle aldrar lettare kan nytte seg av området, til rekreasjon og naturopplevingar.

– Dersom Statkraft er positive til dette, er kommunen sitt tilbod å opparbeide ein parkeringsplass med plass til inntil 10 bilar, men planar og tiltak må sjølvsagt godkjennast og gjennomførast i dialog med grunn- og hytteeigarane i området, seier Høyanger-ordføraren.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!