Ber Høyanger-folk om å stille opp


På måndag vil LO i Ytre Sogn halda folkemøte om innmelding i EU sin energiunion. Dette meiner dei er ei spesielt viktig sak for dei som bur i Høyanger og omegn, og vil oppmode alle til å stille.

Regjeringa har kome med forslag om at Norge skal slutte seg til eit nytt EU-lovverk for elektrisk kraft og gass, inkludert tilslutting til EU sitt energireguleringsbyrå, ACER. D

ei aller fleste har nok høyrt om saka, og nokre har kanskje sett seg inn i korleis dette vil påverke folk i Norge. No vil LO i Ytre Sogn informere alle om kva som står på spel, i håp om å få ei avgjerd i Stortinget som sikrar framtida.

-Vi kallar det for eit folkemøte fordi vi vil opplyse folk. Men det er også ein del politikarar som må opplysast, så vi har invitert alle stortingsrepresentantane til å komme, seier Lars Kjetil Skeie, leiar i LO i Ytre Sogn.

Han legg til at fleire, som stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), fylkesleiar Hilmar Høl (Ap), varastortingsrepresentant Steinar Ness (Sp), Erik Solheim i Naturvernforbundet og ordførar i Høyanger Petter Sortland, har sagt at dei vil møte i Høyanger samfunnshus måndag kveld.

- Kva er målet med møtet?

-Målet er å opplyse folk om kva som står på spel, i håp om å få ei avgjerd i Stortinget som sikrar framtida. Vi må få overtydd dei store partia, svarar Skeie og held engasjert fram: -Det er den store kraftutbygginga som faktisk er grunnlaget for velstanden vår, det er ikkje oljen! Oljen er berre toppen av kaka, så vi kan ikkje berre sitje og sjå på når regjeringa vil gje dette frå oss, forklarer Skeie medan dei andre som har møtt opp nikkar.

Sjølv om det er LO i Ytre Sogn som har teke initiativ til møtet, er både Ap, Raudt, Sp og SV med som medspelarar og medarrangørar.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!