Ber bygda om hjelp til å halde korpsdrifta oppe


–Det å drive eit korps må vere eit fellesprosjekt, der ein er fleire om arbeidsoppgåvene, og har eit ønskje om halde korpset i bygda oppe, seier styremedlem i Kyrkjebø skule – og ungdomskorps Sonja Aasen Årdal til Ytre Sogn.

Difor har dei no kalla inn til bygdemøte om . Det finn stad på Kyrkjebø skule om kvelden torsdag 13. september.
– Sjølv om vi prøver å ta ulike grep for å få med fleire musikantar, slit vi framleis med at vi er for få til å ta seg av alle arbeidsoppgåvene som må gjerast, noko som er den konkrete bakgrunnen for at vi neste kallar inn til bygdemøte. Der håpar vi å få danna ei støttegruppe av vaksne folk i bygda, gjerne pensjonistar, besteforeldre eller dei som er ferdig med den mest travle foreldrefasen og kanskje har litt meir tid og kan hjelpe til med praktiske ting som kakebaking, loddsal, innsamling av gevinstar, rigge stoler og bord til basar og konsert. Det trengs også ei heil bygd for å drive eit korps. Det må vere eit fellesprosjekt er oppmodinga frå Sonja Årdal til Ytre Sogn.

 

Les meir om saka i siste utgåve av Ytre Sogn.