Ber bilistar om å vise meir omsyn


Rideklubben på Kyrkjebø har sett seg leie på bilistar som ikkje tek omsyn når dei er ute på vegen med hestane sine.

- Seinast tysdag i førre veke passerte ein bil på vegen rett over ridebana. Han rusa motoren skikkeleg, og det var nok til å skremme hesten som då var ute på bana, slik at ryttaren fell av. No gjekk det heldigvis bra med vedkommande, som var ein vaksen person. Men det kunne fort gått mykje verre. Vi snakkar jo om store dyr på 400-500 kilo, som betyr at det er voldsomme krefter som er i sving om dei blir redde. Det kunne like gjerne vore eit barn som sat på hesten. Vi har jo stadig har ridekurs for dei minste på bana, seier Aud Ramsli og Annette Vamråk i Kyrkjebø Køyre- og Rideklubb til Ytre Sogn.

Difor går dei no ut i avisa og oppmodar bilistar om å vise meir omsyn.

- Det er nokre som held stor fart på den lange, beine vegstrekka som går forbi, og rusar gjerne motoren. Det er nok til å skremme hestane, som er vare for høge, skarpe lydar, seier dei to.

Dei understrekar imidlertid at dei aller fleste tek omsyn, og senker farten når dei ser at hestane er ute på vegen.

- Men du har også dei som ikkje bryr seg, eller som kanskje ikkje veit betre. Det er dei vil ønskjer å nå, seier Ramsli og Vamråk.

-Vi held no ein gong til der vi gjer, rett ved vegen, og har ikkje anna val enn å bruke den - eller gangvegen ved sidan av - når vi skal på tur. Vi må også krysse vegen for å kome til bana, som ligg på nedsida, legg dei til.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

På dennne lange, beina strekka forbi stallen (t.v.) hender det at bilistane held stor fart.