Bente Nesse er ny leiar i Høyanger kunstlag


- Vi skal framleis vere eit aktivt, synleg lag, seier Bente Nesse, som er vald til ny leiar i Høyanger kunstlag.


Det skjedde på årsmøtet torsdag 28. mai.


- Eg vart spurt i fjor også, men då hadde eg ikkje høve til det. Men no passa det betre, og då eg vart spurt igjen sa eg ja. Eg får også med med ein dyktig og erfaren gjeng i styret, og det gjorde det lettare å ta på seg vervet, seier Bente Nesse, som til vanleg er kommunedirektør i Fjaler, til Ytre Sogn.


Ho bur imidlertid i Høyanger.

Ho tek over etter Torill Thorbjørnsen, som har vore leiar i kunstlaget det siste året.



Aktivt,synleg lag

Nesse har ikkje hatt styreverv i laget tidlegare, men har vore medlem i ei årrrekkje. 


- Eg har også vore på mange av utstillingene deira, seier ho om det ho beskriv som et veldrive lag, med stor aktivitet.

Ho peikar på at laget, som tel rundt 130 medlemmer, har fått til mykje opp gjennom åra.


- Så det kviler eit stort ansvar på oss i det nye styret å halde fram det gode arbeidet som er gjort. Men vi skal i alle fall gjere vårt for at det framleis skal vere eit aktivt, synleg lag, seier Nesse.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!