Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

– Det virkar som om det er langt fleire enn oss som no er leie av det eg vil kalle Black Friday-hysteriet, seier Bente-Annita Lavik Coskun som eig og driv Søstrene Lavik på Lavik Senter,

Bente-Annita vil ikkje vere med på Black Friday-karusellen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 29. november 2019

– Vi har ikkje sjanse til å konkurrere med butikkkjeder og -senter når det gjeld Black Friday-tilbod, seier Bente-Annita Lavik Coskun, som eig og driv kles- og interiørbutikken Søstrene Lavik, til Ytre Sogn.

Difor bestemde ho seg for at i år står dei over når dei fleste andre butikkane lokkar med store Black Friday-avslag.

– Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv før eg bestemde meg for at «nok får vere nok». Vi vil ikkje vere med på den karusellen lenger. No er det jo både Black Friday, Black Week og Black Month. Vi har ikkje sjanse til å halde følgje med store butikkjeder og –senter når det gjeld prisavslag. Det er jo drepen for småbutikkar som vår. Så vi vel i staden å fokusere på kundane våre, og gje dei ei positiv, avslappa handleoppleving når dei kjem innom til oss, og servere dei gløgg, twist og peparkaker, seier butikkeigaren i Lavik til Ytre Sogn.

Difor var det også at Coskun torsdag kveld la ut følgjande melding på facebook-sida deira;

«Då er det straks klar for Black Friday. Men i år har vi valt å hoppe av denne karusellen. Vi har ingen moglegheit for å konkurrere på pris med dei store kjedane og sentera på denne dagen. Vi setter heller fokus på at du som kunde skal få ein god handleoppleving, god hjelp og service hos oss. Så i morgon spanderer vi varm gløgg og peparkaker til alle som vil ta turen innom til oss».

Ho understrekar at det ikkje er slik at butikken hennar ikkje har tilbod til kundane sine i løpet av eit år.

– Men det er på langt nær så ofte som hos dei store kjedane, seier ho og kan ikkje forstå korleis dei kan tene pengar.

– Det virkar jo som dei har tilbod heile tida, seier ho, og fortel om mange positive tilbakemeldingar på meldinga ho la ut.

– Ja, det virkar som om det er langt fleire enn oss som no er leie av det eg vil kalle Black Friday-hysteriet, seier ho.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord