Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. november 2018
Ytre Sogn 18. november 2018

Etter siger i fylkesmeisterskapen er Lina Haugsbø (f.v.) og Benjamin Wolff no klare for NM.

Klare for NM i yrkesfag

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 10. april 2018

Etter siger i fylkesmeisterskapen i yrkesfag er Benjamin Wolff – saman med Lina Haugsbø – no klar for norgesmeisterskap. På vegen til NM har dei vore heldige og fått hjelp av dei erfarne arbeidarane i Caverion.

– Dette er nok det største som har skjedd i livet mitt, sa ein audmyk Benjamin Wolff då han kom heim med førsteplass i fylkesmeisterskap i yrkesfag.

Han vann i elektrikarfaget og skal difor representere Sogn og Fjordane under NM i Brumunddal, på Ringsaker vidaregåande skule, denne veka.

– Eg er litt meir nervøs denne gong og nivået er nok relativt mykje høgare, seier Wolff, men denne gong skal han ikkje jobbe aleine.

-Vi skal jobbe to og to i norgesmeisterskapen, fortel Wolff som tek med seg Lina Haugsbø som også deltok på fylkesmeisterskapen.

Saman har dei arbeidd mykje, og det er tydeleg at dei begge er innstilt på å gjere sitt aller beste i konkurransen. Og når det kjem til førebuirngar er det ikkje mykje som kan slå opplæring frå dei erfarne arbeidarane i Caverion. Dei kom nemleg på besøk til Høyanger vidaregåande skule for å hjelpe til med førebuingane til elevane.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Terje Høyvik (på biletet) og Henning Arne Svoen frå Caverion brukte godt over ein time på å gå igjennom temaet «dokumentasjon» for elevane.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord