Benedicte vil springe for Amalie


Amalie Os Mallasvik kjempa tappert, men til slutt måtte ho gje tapt for den aggressive kreftforma akutt leukemi, type AML. Ho vart berre 17 år. No vil bestevenninna Benedicte Frøyen Bergset heidre jenta frå Naustdal ved å springe for ho under Bergen City Marathon.

Amalie Os Mallasvik fekk den tunge beskjeden i mai 2017. Den livsglade jenta hadde fått kreft og livet vart brått snudd opp ned. Eit langt opphald på Haukeland universitetssjukehus, med tre cellegiftkurar var ikkje nok. Alle foreldre sitt mareritt vart ein realitet då Amalie døydde frå dei 30. august. For det er ikkje slik at ein skal overleve sine eigne born.
– Det er berre trist og så utruleg tungt, seier Benedicte Frøyen Bergset når Ytre Sogn møter ho og mora Malin Frøyen Bergset i Høyanger.
Dei er ute og spring, for saman har dei eit mål om å heidre minnet til Amalie. Det skjer under Bergen City Marathon laurdag 28. april.

Les meir i Ytre Sogn fredag

Her er Benedicte Frøyen Bergset og besøkjer bestevenninna si, Amalie Os Mallasvik, på sjukehuset. (Privat)