Behov for å utvide ridebana på Austreim


Etter å ha drive stallen på Austreim i om lag fem år har det siste året vore ei aukande interesse for ridekurs blant unge og vaksne. Dette, i tillegg til fleire hestar, har ført til at plassen både på ridebana og i luftegarden no er for liten.

– Sidan i fjor haust har vi hatt om lag 50 barn på kurs her, i tillegg til kurs for vaksne. Men med stor pågang får vi og ei utfordring i høve plass, spesielt nede på ridebana. Den er no altfor liten og må utvidast slik at den blir anten 40 x 20 meter eller 60 x 40 meter. Kva kostnadane blir veit vi ikkje før vi har fått ein entreprenør til å sjå på plassen, seier  dagleg leiar i Kyrkjebø køyre – og rideklubb, Kristine Moen Kyrkjebø, til Ytre Sogn.

Meir om saka i Ytre Sogn torsdag!