Balholm til topps i Det Norske Måltid


Balholm gjekk til topps i kategorien «Årets sider» då Det Norske Måltid 2016 gjekk av stabelen i Stavanger fredag kveld.

Dei imponerte med sin Balholm Handverkcider med humle. Om sideren uttalar juryen blant anna at den har ein frisk og gyllen farge og er floral og kompleks på duft, der preg av råstoffet kjem tydeleg fram. Smaken er frisk og balansert.

- Vinnarproduktet gir eit svært godt inntrykk allereie når ein får flaska i henda, siden den osar av kvalitet.

Produsenten frå Balestrand får også ros for sitt arbeid med å få norsk sider ut på marknaden, og for å vise at det i denne prosessen også er mogleg å leike seg med spennande smakskombinasjonar.

Balholm var einaste vinnaren frå Sogn og Fjordane i år. Det vart delt ut i alt 13 prisar i det som er landets viktigaste matpris, der målet er å skape eit utstillingsvindauge for norske råvarer, og å jobbe for auka marknadsføring, næringsutvikling og berekraftig produksjon.