Ayla fekk båt kalla opp etter seg


Dei fine bunadskledde jentene Ayla (12) og Aisha (8) var begge gudmødre til den nye servicebåten til selskapet Yatek AS i Hyllestad, og hadde fått det ærefulle oppdraget med å døype den. Med fine ord og gode lykkeønskje vart champagneflaska sendt i sida på den nye båten med ein smell.

Det var som følgje av omstillingsperioden i Hyllestad at Øyvind Høie og to av sønene hans, Aleksander og Fredrik, starta opp selskapet Yatek AS hausten 2015, med føremål om å tilby service og utføre oppdrag innanfor havbruk og andre næringar. Fredag ettermiddag strålte den daglege leiaren av selskapet om kapp med sola under talen sin til dei om lag 100 personane som hadde møtt opp til dåpen av selskapet sin nye servicebåt «Ayla».

Les meir i tysdagsavisa!