Auke i julehandelen i Høyanger


Fleire av butikkane i Høyanger melder om ein liten auke i omsetnaden i julemånaden.

Odd Arild Løseth hos Sport’n og Åse Randi Sæbø hos Manfukturen fortel begge om ein auke på mellom 2,5 og 3 prosent, samanlikna med julehandelen året før.

– I 2017 var den bra, mykje på grunn av den tidlege vinteren vi då hadde, med auke i omsetnaden av ski og anna turutstyr. Så vi frykta ein nedgang i 2018, i og med at vinteren kom mykje seinare. Men der tok vi feil. Vi hadde naturleg nok ein nedgang på ski, men andre varegrupper som klede og turutstyr har det gått meir av, fortel Løseth, som er sjef for sportsbutikken i Coop-bygget.

Åse Randi Sæbø, som er sjef for klesbutikken i same bygget, fortel om det same.

– I desember har vi hatt auke i omsetnaden ikkje berre av klede og sko, men også av gåveartiklar som vi no har satsa meir på, fortel ho.

Begge to er også sikre på at i alle høve noko av forklaringa på auken er sambygding Stine Baumann si utfordring til folk om å støtte dei lokale butikkane og handle minst fem julegåver hos dei.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!