Auka besøkstal for kinoen


"Industristaden Høyanger 100 år" var den filmen som drog flest publikummarar til Høyanger kommunale kino i år. Filmen hadde eit besøkstal på 766, seier kinosekretær Anelika Ludwig til Ytre Sogn.

Ho seier at 2016 var eit godt år for kinoen.

Med digitalisert lydsystem, 231 sitjeplassar, utlån av 3D briller og kiosksal ligg alt til rette for ei god filmoppleving.
Kinosekretær Angelika Ludwig er godt nøgd med ein liten auke i besøkstalet samanlikna med 2015.

- I 2016 hadde vi 8590 besøkande, året før var talet 7806. I dag har vi ein del konkurranse frå streamingtenester som til dømes; Nettfliks og Viaplay. Vi har hatt litt auke frå i fjor, og elles held besøktalet seg ganske stabilt, noko som er svært gledeleg, seier ho.

10 på topp i Høyanger:

1. "Industristaden Høyanger 100 år" (755 besøkjande)
2. "Kongens nei" (580)
3. "Istid: På kollisjonskurs" (315)
4. "Børning 2" (314)
5. "Snekker Andersen og Julenissen" (310)
6. "Et helt halvt år" (298)
7. "Solan og Ludvig – Herfra til Flåklypa" (226)
8. "Birkebeinerne" (223)
9. "Dyrene i Hakkebakkeskogen" (215)
10. "Suicide Squad" (197)