Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Knut Strømmen vart attvald som leiar i Balestrand og Høyanger Turlag

Attvald som leiar i Balestrand og Høyanger Turlag

Journalist: Sissel Tove Litzheim | Publisert: 11. januar 2020

På årsmøtet til Balestrand og Høyanger Turlag denne veka vart Knut Furu Strømmen attvald som leiar.

I utgangspunktet ønskte han avløysing, men sidan det ikkje hadde lukkast valnemnda å finne ny leiar, sa han seg likevel villig til å stille som leiar for eit nytt år. Med seg i styret får han Geir Ove Elveseter og Jørgen Hundseth, som begge tok attval for to år.

Balestrand og Høyanger Turlag arrangerer om lag 10 turar kvart år med gjennomsnittleg 10 deltakarar på kvar tur.

På årsmøtet fortalde Hundseth om turstiar i Balestrand som no har fått oppgradering ved hjelp av kommunal økonomisk støtte, tippemidlar og dugnad. Her ligg det til rette for fleire flotte fotturar i kommande sesong. Elles har Hundseth stått som turleiar for fleire skiturar i Balestrand-fjella.

Turane i Høyanger-området har gått både på sørsida av fjorden og på nordsida. Fottur frå Høyanger til Måren har vore arrangert i mange år.


– På dei første turane var det gjerne 25 deltakarar eller fleire. No er vi nede i sju til åtte, noko som er ei fin gruppe å gå på tur med, fortalde Strømmen. 


Elles har dei hatt turar frå Ortnevik til Sylvarnes, der dei har møtt på andre turgrupper frå både Vik og Sogndal.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord