Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

Nominasjonsnemnda i Hyllestad Senterparti har innstilt sitjande ordførar Morten Askvik (biletet) som ordførarkandidat deira til kommunevalet i 2019.

Tek gjerne nye fire år som ordførar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 19. november 2018

Morten Askvik har gitt nominasjonskomitéen i Hyllestad Senterparti beskjed om at han gjerne stiller som ordførarkandidaten deira i nye fire år

– Det er naturleg å gjere seg nokre refleksjonar når ein vert spurt. Men eg trong i grunn ikkje lang tid på å bestemme meg for å seie ja, seier Morten Askvik (46) til Ytre Sogn.

Askvik har vore medlem av kommunestyret i Hyllestad sidan 2011 og formannskapet sidan 2012. Sidan 2011 har han også vore lokallagsleiar i Hyllestad Sp. Han vart ordførar etter kommunevalet i 2015.

– Etter nominasjonsnemnda si vurdering har han vore ein aktiv og samlande ordførar. Det gjeld både det politiske arbeidet i Hyllestad og når han representerer utanfor kommunen, seier Håkon S. Giil, leiar i nemnda, i ei pressemelding om innstillinga av Askvik.

– Han har også stor tillit og har fått brei politisk røynsle, mellom anna som nestleiar i Sogn og Fjordane Sp. Nominasjonsnemnda er særs nøgd med at ordførar Morten Askvik på nytt har sagt seg villig til å stille som ordførarkandidat.

Nominasjonsmøtet i Hyllestad Sp vil bli gjennomført i januar 2019.

Utvikle kommunen

Askvik seier til Ytre Sogn at han er veldig innstilt på å jobbe vidare for kommunen.

– No er det veljarane som avgjer til slutt. Men no har det vore skifte av ordførar ved dei siste vala i Hyllestad, og eg tenkjer at sjølv om skifte kan vere sunt, er også kontinuitet viktig, seier han og viser til at dei har kome i gang med mykje den siste fireårsperioden, blant anna når det gjeld korleis dei skal utvikle kommunen og tenestene sine.

– Det vil eg gjerne vere med på framover, seier han og nemner fleirbrukshallen og samarbeidet med frivillegheiten i kommunen, som han ser føre seg at dei kan hente gevinstar av, blant anna i form av tilflytting.

For som mange andre kommunar i distrikta slit også dei med negativ folketalsutvikling.

– I tillegg til arbeid og bustad, er tilbod på fritida viktige for å skape levande, attraktive lokalsamfunn, påpeiker Askvik.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord