Åse Marit har besøkt alle 26 dagsturhyttene


– Det er jo ein ypperleg måte å bli kjend med fylket på! seier Åse Marit Bekjorden i Vadheim, etter å ha besøkt alle 26 dagsturhyttene.

Det starta med tur til Sørefjordhytta i Hyllestad den 17.april i fjor, og det tok ikkje lang tid før ho bestemde seg for at ho skulle innom dagsturhyttene i alle 26 kommunane. Og det greidde ho då ho kom til Eikjabu i Luster den 30.november.

– Så eg fekk med alle dagsturhyttene medan vi framleis var Sogn og Fjordane, seier Åse Marit Bekjorden og smiler.

Det var ho og turveninne Eva Nyland som først byrja å prata om å besøkje alle.

– Men det var ikkje alltid det passa at vi gjorde det saman, på grunn av jobb og anna. Sjølv fekk eg blant anna med meg nokre hytter på veg til familie på Austlandet. På vegen til og frå var eg blant anna innom Orrabu på Leikanger og Moakamben i Årdal. Men vi besøkte også fleire i lag. Blant anna fekk vi med oss fire dagsturhytter på ei helg, då vi bestemde oss for å ta ein spontan helgetur til Bremanger og Vetenhytta. Då var vi også innom dei i Vågsøy, Selje og Eid, seier Bekjorden og tykkjer det har vore ein fin måte å bli kjend med fylket på, kome seg ut og sjå den fantastiske naturen vi lever i.

– Mange av stadene hadde eg jo aldri vore før. seier ho, og kan ikkje fullrose nok dei som kom opp med idéen om dagsturhytter, som har gitt fylket alle desse nye turmåla.

– Det er jo ein glimrande måte å få endå fleire ut på tur. For eg er ikkje i tvil om at det har ein gjort. Så no håpar eg at også andre fylke tek etter. Eg snakkar i alle fall varmt om dagsturhyttene når eg er på andre kantar av landet, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

– No håpar eg at også andre fylke tek idéen om dagsturhytter. Eg snakkar i alle fall varmt om dei når eg er på andre kantar av landet, seier Åse Marit Bekjorden til Ytre Sogn.