Årets viktigaste russeknute


– Dette er årets viktigaste russeknute, seier Kristina Eraker Ødegård, som i lag med resten av russekullet ved Høyanger vidaregåande skule skal delta i den årlege innsamlinga til kreftforeininga.

Minst 27 elevar frå sisteåret på Høyanger vidaregåande skule skal onsdag delta på Krafttak mot kreft, og til Ytre Sogn fortel dei at dette er den viktigaste russeknuten deira.

– Dei fleste russeknutane handlar mykje om å gjere pøbelskap og andre ting, men med denne russeknuten gjer vi for ein gong skyld noko for andre og vi har moglegheit til å hjelpe. Det er den viktigaste russeknuten, og vi er stolte over å få delta, fortel raudrussen til Ytre Sogn.

Dei stiller alle saman opp på onsdag 7. mars i Høyanger og torsdag 8. mars på Kyrkjebø og i Vadheim, og dei ønskjer også at svartrussen skal bli med.

– Det er jo ei veldig god sak. Alle kjenner nokon som har hatt kreft og det kan råke alle, både dei som har kreft, har hatt kreft og pårørande, fortset raudrussen, og legg til at dette er noko dei ville ha vore med på, russeknute eller ei.

Alle hus

Men for at innsamlingsaksjon skal bli vellykka krevst det både organisering og kunnskap. Ein av dei som har jobba for å få dette til er russevisepresident Kristina Eraker Ødegård.

– Vi skal prøve å dekke alle hus i Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim i løpet av dagen og målet er å samle inn mest mogleg pengar, seier Ødegård og held fram med ei djup og oppriktig oppmoding til alle som får russen på døra.

– All pengar tel, anten du gir 10 eller 100 kroner. Det viktigaste er å bidra, og alt hjelper. Kreft kan råke oss alle og heile Høyangerrussen oppmodar alle om å blir med oss og hjelpe, avsluttar Ødegård som snakkar for heile russen.

I år kan ein også betale med Vipps og treng difor ikkje å ta ut kontantar. Om ein ikkje får besøk på døra av russen, eller er bortreist, kan ein framleis bidra med å ”vippse” til nummeret 451009.

Russepresident Agnete Hjelmeland Ørnehaug (t.v.) og russevisepresident Kristina Eraker Ødegård (t.h.) oppmodar alle til å bidra.