Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. januar 2020
Ytre Sogn 22. januar 2020

– Vi ønskjer å oppgradere Høyanger kommune sine utstyrssentral, og føreslår å setje av 50 000 kroner til føremålet neste år, seier kommunestyrerepresentant Birgitta Hagen Kyrkjebø (Ap, biletet) til Ytre Sogn. (Arkivfoto)

Høyanger Ap vil oppgradere utstyrssentralen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. desember 2019

På budsjettmøtet denne veka kjem Høyanger Ap til å føreslå å setje av 50 000 kroner til å oppgradere kommunen sin utstyrssentral, som er retta mot born og ungdom. 


– Høyanger kommune har over tid opparbeidd seg ein utstyrssentral med eit breitt utval av sports- og fritidsutstyr av høg kvalitet. Vi i Høyanger Ap ønskjer å vidareutvikle tilbodet, særleg i ei tid  der privat forbruk og miljø vert sett i samanheng meiner vi at ein slik utsyrssentral kan vere eit god alternativ til å kjøpe utstyr ein kanskje ikkje brukar meir enn nokre få gonger. Vi ønskjer difor å setje av tilsaman 50 000 kroner til føremålet; 30.000 kroner til innkjøp, samt 20 000 kroner til ei nettløysing som gjer at ein kan få oversikt over kva utstyr som er tilgjengelig og tinge dette direkte.

Det seier kommunestyrerepresentant Birgitta Hagen Kyrkjebø (Ap) til Ytre Sogn.



Aktivit ungdomsråd


Dei kjem også til å føreslå at Høyanger ungdomsrådet får tilbake midlane dei tidlegare hadde til fordeling. 


– Vi føreslår 20 000 kroner, som dei kan bruke på ulike arrangement for ungdom i kommunen, seier Kyrkjebø, og peikar på at aktive ungdomar frå heile kommunen er viktig for dei, og at det er noko dei ønskjer å leggje til rette for.


Dei har blant anna rett til å møte i kommunstyret og få utale seg der.


– Vi har ein god dialog med ungdomsrådet, og ordføraren har allereie hatt møte med dei, seier ho.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord