Ap er framleis størst i Høyanger


Med 42,1 prosent av røystene er Arbeidarpartiet framleis størst i Høyanger. Men Senterpartiet og Raudt er partia som auka mest.

Ved kommunestyrevalet for fire år sidan fekk Petter Sortland og partiet hans 48,5 prosent av røystene. Altså har dei no gått tilbake 6,4 prosent. Den sitjande ordføraren er difor mellomnøgd med resultatet.

- Eg trur nok det er mange av Ap sine ordførarkandidatar som misunner oppslutnaden vår i Høyanger. 42,1 prosent er jo eit formidabelt resultat. Likevel har vi eter alle solemerket tapt to representantar - eit til Raudt og eit til Senterpartiet. Vi må difor finne saman med andre parti, seier han.

Elles viser han også til at Ap sentralt slit.

- Dette, kombinert med at Sp og R har «vind i segla» speglar nok også resultatet i Høyanger, seier Sortland.

Størst framgang

Størst auke har imidlertid Senterpartiet (Sp) og Raudt (R). Sp enda på 30,7 prosent, som er ein auke på 6,8 i høve til førre kommunestyreval. R auka med 5,1, til 12,2 prosent.

- Vi er kjempenøgde med eit slikt resultat, og at vi er det partiet som går mest fram. Ja, Sp har aldri vore så store i kommunen, seier partiet sin toppkandidat, Geir Helge Østerbø, til Ytre Sogn.

Dei er per no inne med seks representantar i det nye kommunestyret i Høyanger, men han augnar håp om sju.

- No skal det finteljast, og då kan det vere at vi tek ein representant frå Raudt, som akkurat no er inne med tre, seier Østerbø, og trur framgangen skuldast både at dei stilte med ei god liste, og landstrenden.

Tydeleg stemme


Einar Rysjedal seier at resultatet for partiet han sin del er over all forventning.

- Eg er overvelda over talet på trøyster vi fekk, og det vitnar om at det er mange som likar det vi står for. Vi har vore ei klar, tydeleg stemme, blant anna når det gjeld kommunalt tilsette, og det som går på bemanning og arbeidsmiljø, seier han.

Elles nemner han også kampen mot vindkraft, der partiet var tidleg ute med standpunktet sitt.

Når det gjeld dei andre partia som stilte liste i kommunen fekk Høgre 9,8 prosent (+0,7) av røystene medan Sosialistisk Venstreparti fekk 5,3 prosent (+3,4).

Valoppslutnaden i kommunen var på 66,7 prosent.