Annika (18) song seg til finalen


Annika Synnøve Beinnes (18) frå Vadheim song seg heilt til finalen i Ungdommens musikkmeisterskap (UMM), som gjekk av stabelen i Oslo i helga.

Ungdommens musikkmeisterskap (UMM) er ein meisterskap i framføring av klassisk musikk for alle under 23 år

I semifinalen laurdag gjekk 18-åringen frå Vadheim til topps i klassen sin, som talde 11 songarar frå heile landet, etter å ha framført blant anna "Frühlingsglaube" av Franz Schubert og "Solveigs sang" av Edvard Grieg.

Dermed vart ho også ein av ialt 26 deltakarar – uansett disiplin – som kom vidare til søndagens finale.

– Eg reiste til UMM i Oslo utan eigentleg å forvente noko som helst. Eg deltok sist gong i 2014, og hugsar det som ei ganske skummel oppleving. Då fekk eg 1.pris i den regionale meisterskapen og 2.pris i den nasjonale. Så då dei ropte opp at eg ikkje berre hadde fått 1.pris, men også hadde vunne i klassen min skjønte eg ikkje heilt kva som skjedde. Eg hadde sete og følgt med på dei andre songarane, og tykte det var fleire som også fortente prisen. Uansett er eg veldig glad, nøgd og stolt over meg sjølv, seier Annika Synnøve Beinnes til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!