Anne Gine kom «heim» for å døype MF «Husavik»


Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun fekk æra av å vere gudmor då Bnr 132 MF «Husavik» vart døypt ved Havyard Ship Technology i Leirvik måndag. Ferja er den første av mange batteriferjer med automatisk fjordkryssing som skal byggast til Fjord1.

– For meg er det ei stor ære og glede å komme heim til ytre Sogn. Eg seier heim att fordi eg har ei mor i frå Vaim. Å få vere med på denne opplevinga, som er stort også for Hordaland fylkeskommune, er så flott. Vi er stolte av det vi gjer på fornying og stolte av det som blir levert. Måtte hell og lykke følgje deg og mannskapet ditt heile vegen i framtida, sa Anne Gina Hestetun før ho sendte flaska i skipet som ei god gudmor skal gjere.

Les meir i dagens Ytre Sogn