Anna P. Olsen har 60 år i Ap


Nestleiar i Arbeiderpartiet, Hadia Tajik, vitja Høyanger denne veka og kasta glans over dei mangeårige jubilantane i partiet. Personar med 40, 50 og heile 60 års medlemskap fekk utmerking av nestleiaren.

Anna P. Olsen var ei av dei som fekk si utmerking i festsalen på samfunnshuset måndag ettermiddag. Ho meldte seg inn i eit svært aktivt AUF – lag i 1956 og har vore medlem i Arbeiderpartiet sidan 1957.

-Eg føler at eg har utvikla meg saman med partiet i alle desse åra. Eg har kjent meg så heime her og no håpar og trur eg at vi vinn valet og at det blir eit samarbeid med Senterpartiet, seier ho.

Les meir i Ytre Sogn fredag!