Anette (24) var suveren i Vadheimsstemnet


Med 347 poeng tok Anette Thingbø Sundnes (24) frå Balestrand skyttarlag ein overlegen siger i Vadheimstemnet, fire poeng betre enn nestemann, Lars Elling Haugsvær frå Oppedal/Brekke skyttarlag.

– Det var ein godt gjennomført finale. Så eg er veldig nøgd, seier Anette Thingbø Sundnes til Ytre Sogn etter å ha vunne klasse 3-5 under Vadheimsstemnet måndag.

Rundt 60 skyttarar frå Sogn Ytre Skyttarsamlag - det vil seie frå kommunane Høyanger, Balestrand og Gulen - deltok på banestemnet til Vadheim skyttarlag. Og best av samtlege var altså 24-åringen, opphavleg frå Time på Jæren, men no busett i Balestrand.

– Eg følte at eg greidde å fokusere på arbeidsoppgåvene mine heile vegen, ikkje minst på avtrekk. Kroppen fungerte også fint. Det var litt spenning, noko det også bør vere. Men ikkje for mykje heller, seier ho og smiler.

Ho flytta til Balestrand i fjor haust saman med mannen Joakim Sundnes som då byrja som idrettslærar på Sygna vidaregåande skule. Sjølv er ho student. Og det er ei imponerande merittliste Sundnes har med seg. Blant anna vann ho to gull i Nordisk meisterskap for seniorar i 2016. Ho har også vunne Norgescupen to gonger, seinast i 2018.

Men denne helga var det altså Vadheimsstemnet, som ho deltok i for første gong. Og det var lite å gjere med ho der, noko også hennar nærmaste utfordrar - Lars Elling Haugsvær frå Oppedal/Brekke skyttarlag - var klar på allereie før dei starta finaleskytinga.

– Ho er ikkje råd å ta att. Den kampen er allereie tapt, konstaterte han då vi snakka med han etter at den innleiande skytinga var over.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!