Andrea og Kiera slo alle


Som NM-debutant hadde ikkje Andrea Brekke dei største forhåpningane til NM i nordlandshest. Likevel vann ho samtlege konkurransar, og tok med samanlagtsigeren heim til Bjordal.

– Eg maste veldig lenge for å få ein hest, og har alltid vore veldig interessert i dyr, seier Andrea Brekke frå Bjordal med eit smil.

Ytre Sogn møter ho på garden heime i Bjordal. Då Brekke var 14 år fekk ho hesten Kiera.

– Hest skil seg på mange måtar frå andre husdyr, fordi ein kan byggje opp eit veldig nært forhold mellom førar og hest. Eg og Kiera kjenner kvarandre ut og inn, forklarar Brekke stolt.

At Brekke har eit godt samarbeid med Kiera er ikkje vanskeleg å tru. Då det vart arrangert NM i nordlandshest i Øyer kommune i Oppland vann dei saman alt som var å vinne, og tok samanlagtsigeren, første gang dei var med på NM. 

– Det er kjekt å kunne kalle seg noregsmeister. Det var litt uventa, eg trudde ikkje det når eg reiste dit. Det var mange som var eldre og meir rutinerte enn meg. Eg tok samanlagtgullet i senior-klassa, samt alle klassane som var med i samanlagtkonkurransen, forklarar Brekke, før ho held fram.

– Det er to køyrekonkurransar, dressur- og presisjonskøyring. I tillegg har du dressur- og sprangriding, med andre ord fire ulike konkurransar i samanlagtklassa.

Nordlandshest, som eigentleg vert rekna som ein ponni, er ein av tre norske hesterasar. Den største skilnaden mellom den og større dressurhestar er allsidigheita.

– Ein større dressurhest er langt meir spesialisert. Dei kan til dømes berre hoppe, eller berre drive med køyring. Men nordlandshesten er langt meir allsidig, og så er han litt mindre.

Lite miljø

Dei siste fem åra har Brekke gått på hestefaget på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Først tre år med skulegang, så to år som lærling. Det var først der ho kom inn i eit miljø som gjorde det mogleg å satse.

– Heime i Bjordal er det ikkje mange som driv med hest, men når eg kom på Mo kom eg inn i eit miljø. Der dreiv alle med hest, eller hadde eit ønske om å gjere det. Det var veldig kjekt, då kunne eg lære av andre, samt at eg hadde nokon med same lidenskap som eg kunne trene saman med.

Brekke vedkjenn at ho gjerne skulle hatt eit større miljø i heimbygda.

– Då eg fekk min første hest, nokre år før Kiera, kjente eg ingen andre som dreiv med hest og kunne lite. Det var kanskje ikkje heilt optimalt, men vi fann vegen saman, seier Brekke med ein liten latter.

– Eg skulle sjølvsagt ønske at det var eit større miljø her, men det har gått bra med oss! Vi i Sogn og Fjordane heng litt etter i hestesporten, samanlikna med resten av landet. No har vi fått eit veldig bra anlegg oppe på Mo. Før vi fekk ridehall der måtte vi trene ute heile vinteren, på ei islagt bane som var steinhard av frost.

Sjølv om det ikkje er eit stort miljø i heimfylket, trivst Brekke stort i ridemiljøet.

– Det er eit veldig fint miljø, og det er mange som driv med riding elles i landet. Akkurat på nordlandshest er det mest aktivitet i Nordland, sjølvsagt. Men også på Austlandet er det ein del som driv med det.