André (20) måtte gje opp sykkeldraumen


André Kjønås Heggø frå Høyanger kunne sjå Tour De France i enden av tunnelen, men i ein alder av 20 år hadde han ikkje noko anna val enn å pensjonere seg. Kroppen spelte ikkje på lag med han.

- Det er sjølvsagt kjipt når det begynte å gå så bra. Eg har vore ganske dårleg siste tida og merka at eg klare ikkje å drive med dette, fortel André Kjønås Heggø (20) til Ytre Sogn.

- Eg har opplevd mykje, smiler André. Han har blant anna sykla for UNO X, og delteke i proffritt i Belgia.

Heggø oppdaga at han hadde hjarteproblem då han var rundt 13 år. 


- Eg hadde kyssesjuka. Eit halvt år etter at eg var blitt frisk, så begynte eg å vakne om nettene av ubehag i brystet. Hjarta slo uregelmessig og eg var svimmel. Eg fekk ta ein EKG, og den var ikkje slik den burde vere. Legen fann ut at eg har noko som heiter AV-blokk. Det var ikkje noko alvorleg, men eg var årleg inne til kontroll, seier Heggø. 


Han fortel at legane har ein teori om at det er kyssesjuka som har gitt han ein infeksjon rundt hjarta. Hjarteproblema vart gradvis verre, og i 2017 så gjekk det fort. 


Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!