André (18) er tilbake på vinnarsporet


André Kjønås Heggø (18) frå Høyanger er tilbake på vinnarsporet. Eitt år og ein dag etter at han fekk operert inn pacemaker vann han kongeetappen i UNO X Tour De Hallingdal.

André hadde kapteinsrolla då han og laget kjempa om sigeren i UNO X Tour De Hallingdal som vart arrangert 5.-8. juli. Etter ein stygg velt under NM gateritt to veker tidlegare vart armen skrapa opp i møtet med asfalten. Den var framleis vond då André stod på startstreken, i det som skulle bli årets opptur.

–Eg følte meg bra og sendte ein lagkamerat i brot. Brotet fekk fort tre minutt, men opp mot Hemsedal tok vi dei igjen, og derifrå fekk eg hjelp av lagkameraten vi sendte avgarde. Då vi skulle byrje på stigninga opp til Storefjell gjekk eg sjølv i brot og vann til slutt, seier André.

Det skjedde eitt år og ein dag etter at 18-åringen frå Høyanger fekk operert inn pacemaker.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Den nye tatoveringa syner korleis det siste året har vore for André.