Anders og Peder skal leie Vestland Bondelag


På skipingsmøtet til Vestland Bondelag nyleg vart nordfjordingen Anders Felde vald til  leiar i Vestland Bondelag. 

Som nestleiar vart Peder Nernæs frå Kvam kommune i Hardanger vald.


- Eg gler meg til å jobbe for å betre vestlandsbonden sine rammevilkår, seier nyvald fylkesleiar Anders Felde.


- Eg har med meg ein dyktig nestleiar og eit engasjert og dyktig fylkesstyre i arbeidet, så eg tek til på arbeidet med stor motivasjon. Saman skal vi gjere ein god jobb på vegne av vestlandsbonden. Skal vi klare det vil dialogen med lokallaga og medlemene vere avgjerande, så nøl ikkje med å ta kontakt seier den første fylkesleiaren i Vestland Bondelag.


Øvrige styremedlemer i Vestland Bondelag er Gry Ingvild Agjeld, Olden Bondelag
Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag
Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang Hagebrukslag
Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag
Lars Bø, Voss Bondelag
Linda Kristin Oppedal, Viksdalen Bondelag
Marianne Nordhus, Halsnøy Bondelag
  Varamedlemer 1.Olav Myhr, Eikanger Bondelag
2.Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag
3.Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen Bondelag