Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

Alle tilsette er tilbake hos Østerbø Maskin


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 14. mai 2020

Alle tilsette hos Østerbø Maskin er no tilbake i arbeid, etter permitteringane i mars.

– Akkurat no hadde vi såpass bra med arbeid at vi valde å ta dei inn igjen, seier Richard Cornell, som tok til som administrerande direktør for bedrifta den 1.april. 


Då hadde 8 av dei i alt 30 tilsette ved avdelingane på Østerbø og i Sløvåg vore permitterte sidan midten av mars. Det sørga blant anna lågare etterspurnad som følgje av koronapandemien for. 


– Vi er også ei såpass lita bedrift, og vil gjerne halde dei tilsette vi har i arbeid. Det gjorde også at vi valde å hente dei tilbake etter tre-fire veker. Å måtte gå til det steg å permittere er jo ikkje noko ei bedrift ønskjer, påpeikar han. 


På spørsmål om korleis det var å byrje i ny jobb midt oppi alt dette, svarar han at det sjølvsagt var utfordrande, og at det medførte ein god del meir møteverksemd enn elles. 



Treng meir arbeid


Det har også vore ein del smittevernomsyn å ta.


- Men det har gått bra likevel, ikkje minst fordi dei tilsette har vore flinke til å følgje råda som er gitt, seier han.


No har også kvardagen byrja å normalisere seg. Det han no er meir bekymra for er langtidseffektane koronakrisa vil ha, blant anna når det gjeld nye oppdrag.


– Arbeidet vi har no vart for det meste inngått før koronakrisa inntraff, og vi har nok å gjere ei stund til, i alle høve fram til sommarferien. Det gjeld avdelingane både på Østerbø og i Sløvåg. Men etter den tid blir det mindre, og difor jobbar vi no for fullt med å sikre nye oppdrag vidare utover året. Spesielt til vinteren treng vi meir å gjere. Men vi har nokre tilbod inne som vi ventar svar på om ikkje altfor lenge. Forhåpentlegvis får vi nokre av dei, seier Cornell.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord