Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. april 2019
Ytre Sogn 26. april 2019

Alexander Øren (t.h.) blir gratulert med den nye jobben som utviklingsleiar i IK Start av Atle Roar Håland, som er operativ leiar foir all sportsleg aktivitet i klubben. (Foto: Ole G. Sørensen/IK Start).

Blir leiar for Start si utviklingsavdeling

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 31. januar 2019

Alexander Øren (29) frå Høyanger blir ny utviklingsleiar i fotballklubben Start. Det inneber å bidra til at spelarar vert så gode at dei får plass på A-laget som Kjetil Rekdal er trenar for.

29-åringen frå Høyanger har vore i utviklingsavdelinga i Start sidan januar 2015, og som spelarutviklar har han hatt ansvar for både G13, G16 og no sist juniorlaget, Start 2.

No ser han fram til å ta fatt på jobben som utviklingsleiar.

– Eg har jo vore i klubben nokre år, og hatt ulike rollar, og kjenner den etter kvart veldig godt. Så då eg fekk dette tilbodet var det for utfordrande og spennande til at eg kunne seie nei til det, seier Alexander Øren til Ytre Sogn.

Til no har han vore mest trenar for dei ulike laga.

– No vil eg ha ansvaret for – og leie – alle laga som er under A-laget, og leggje til rette for at vi kan få fram så mange gode, lokale fotballspelarar som mogleg. Spelarar som blir så gode at dei bankar på døra til Kjetil Rekdal og kan bli profilar på A-laget, som han er trenar for. Så det blir ei meir overordna rolle enn eg har hatt til no, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord