Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. juli 2018
Ytre Sogn 19. juli 2018

- Det er ikkje noko som gjer meg gladare enn når eg merkar at eg kan gjere ein skilnad for andre. Ingenting er betre enn det, seier Alex Ek (biletet), som nyleg starta firmaet Alex Omsorgsutvikling i Høyanger, der han blant legg til rette for aktkivitetar for barn og unge i alderen 12-16 år.

Alex vil vere støttespelar for barn og unge

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 10. februar 2018

Alex Ek har mykje livserfaring, på godt og vondt. Den ønskjer han å bruke til å hjelpe andre.

– Eg trur at nettopp det at eg sjølv ikkje hadde nokon enkel oppvekst, gjer det lettare for barn og unge som opplever det same å få tillit det meg. Det gjer det også lettare for meg å hjelpe dei, i og med at eg veit korleis dei har det, seier Alex Ek når vi møter han på Høyanger vidaregåande skule.

Dette har også vore arbeidsplassen hans sidan I fjor haust, blant anna som miljøarbeidar, og det har han tenkt til å fortsetje med, sjølv om no er registrert med det nye einmannsføretaket sitt, Alex Omsorgsutvikling.

– Som namnet tilseier handlar det om å tilby omsorg og utvikling til barn og unge i alderen 12-16 år med utfordringar på ulike plan, og å skreddarsy individuelt tilpassa opplegg for dei når det gjeld aktivitetar, gjerne saman med dyr. Eg har både hund, katt – og ei papegøye som snakkar, seier han og smiler.

– I utgangspunktet gjeld det barn og unge her i kommunen, seier 35-åringen som opphavleg er frå Fredrikstad, men som flytta til Høyanger for snart to år sidan.
Og i løpet av denne tida har han blitt godt kjend med det aktuelle miljøet i kommunen. Han snakkar om dei som gjerne ikkje deltek på organiserte aktivitetar, som til dømes idrett.

– Mange går rundt og har ikkje noko å ta seg til, med dei konsekvensane det kan medføre. Dei søkjer gjerne merksemd, og då gjerne på negativt vis.

Difor er han også oppteken av å leggje til rette aktivitetar for dei som gjerne ikkje er med på andre. I helga, til dømes, var han med og arrangerte busstur til Førde og discobowling, og etterpå var det tilbake til ungdomsklubben i Høyanger, og vidare program der.

Han peikar på at mange unge sit heime, og brukar all fritid på facebook og andre sosiale media.

– Dei har ikkje samvær med andre i det heile Så om namnet seier noko anna, skaper sosiale media mykje einsemd hos barn og unge rundt om – også i Høyanger. Det vil eg gjere noko med, blant anna ved å ta dei med på ulike aktivitetar. Eg er oppteken av å få dei til å møtast, seier Ek.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord