Alex vil nå det største i livet


Alex Ek fyller 37 år i november. Det største ønsket hans er å føde sitt eige barn og bli forelder, men tida er i ferd med å renne ut, og Alex treng hjelp frå fleire hald for å nå draumen.

Alex vart fødd som Lotte, men lever i dag som mann. For 11 år sidan starta han med å tilføre kroppen testosteron, og la med det vegen mot mann heilt open. Han har vore klar på at sjølv om han ser ut som ein mann, så har han ikkje tenkt å fullføre prosessen med å skifte kjønn heilt. Alex vil så gjerne nå det største i livet – å føde og bli forelder til sitt eige barn. I Danmark sit dei med hjelpa han treng, og eit legemøte der har gitt klarsignal til assistert befrukting, In vitro-fertilisering IVF, eller forenkla sagt – prøverør.

Treng hjelp

–Eg var klar over at eg ville trenge hjelp til å realisere draumen min, seier Alex til Ytre Sogn. –Det satt langt inne å gå til det skrittet det var å starte eit spleiselag på Spleis.no, og dele det via Facebook, men når alle midlane mine var brukt opp hadde eg ikkje noko anna val – eg hadde ingenting å tape lenger. Eg fann ut at dersom eg ikkje gjorde eit forsøk no ville eg angre heile livet. 

Spleis

Spleisen (Barneønske IVF) som Alex har starta og delte på Facebook går ut om 17 dagar, så om han skal nå målet sitt hastar det. Til no er det samla inn 20 850 kroner frå 84 givarar. Det er 20 prosent av målet som vart satt. 

–Når pengane begynte å komme inn stadfesta det at folk bryr seg. Om eg dreg til Danmark og blir gravid no, så er det samfunnet som har støtta det, noko som faktisk er veldig stort. Spesielt når eg ikkje hadde forventingar utover at nokre vener hadde sagt at dei ville støtte meg. Responsen har vore over all forventning. Givarane kan sjølv bestemme om dei vil stå oppført med namn, eller om dei vil vere anonyme. Det er nesten som eit folkeval der folk kan vere med å gjere ein forskjell, seier Alex, som håpar innspurten vil bli såpass bra at han kan nå den etterlengta draumen.

–Dekker summen du har fått inn alt du treng?

–Det er ein kostbar prosess, så det rekk ikkje til alt. No har eg brukt opp mitt nettverk og innsamlinga har stagnert. Eg står på ein måte litt fast då eg er avhengig av minst 40 – 50 000 kroner for å reise til Danmark og gjere eit forsøk. Berre behandlinga kostar 25 000. Eg har jo jobb her i Høyanger, men det krev litt å spare opp til dei beløpa når det står i null akkurat no. Eg har ikkje tid til å vente med dette. Når ein har bestemt seg for det skulle ein jo helst ha vert gravid i går, ikkje sant. 

Veit kva eg vil

–Eg ser ut som ein mann, men kjenslene eg har inni meg er det berre eg som eig. Eg har gjort så mykje og vore gjennom så mykje i livet mitt at eg veit nøyaktig kva eg vil – og har lyst på. Ein tanke folk vil gjere seg er at eg er ein mann som skal føde. Ein annan tanke er at eg gjer det åleine. Det er ei stor sak i seg sjølv. Eit barn treng sterke rollemodeller når dei veks opp, det er det viktigaste. Å ha omsorgspersoner i livet sitt. Eg har eit stort nettverk og har ein tryggleik med det, så eg er ikkje redd - eg klarer dette om så åleine. Om eg blir så heldig skal barnet få ein trygg og stabil oppvekst. 

Følg draumen

–Gjer det du drøymer om! Det er ingen som skal fortelle deg kva du skal få og ikkje få lov til å gjere. Kven kan sette dei grensene for deg eigentleg. Vi er mykje friare no enn før, så det blir veldig spennande å sjå om eg får dette til og kva som skjer etterpå. Det blir jo internasjonalt interesse når ein mann går gravid. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein mann, men lever godt med situasjonen som den er, men det er nok det alle kommer til å sjå meg som – ein mann som er gravid. Det kjem til å skape kjempeoverskrifter. 

–Eg deltok i «Robinsonekspedisjonen» i 2016, og rekna med å få ein deis i trynet for dette – at eg såg ut som ein mann og seier at eg vil bli gravid. Men det gjekk jo også bra. Kor mange lesbiske og homofile par fins det i Norge? I verda? Det er mange. Til og med menn kan adoptere. Vi må ta vekk skylappane. Kvifor skal ikkje eg få lov å nå draumen min? Eg vil dette så inderleg mykje, seier Alex og senkar blikket. 

Rosar Høyanger

–Det skal denne bygda her ha – all ære til Høyanger som har tatt i mot meg med opne armer. Det har vore heilt fantastisk. No var eg bortreist i nesten fire veker i sommar, men etter kort tid sakna eg bygda og gleda meg til å komme tilbake, til å treffe folk på butikken, på gata. Det er godt å vite kven alle er. Austafor er ein ingenting liksom. Det er ingenting mot det sosiale eg har her. Det å få barn her er mykje tryggare enn nokon annan stad. Eg veit at det er mange som har ryggen min her. Heia Høyanger for det – folk er fantastiske. 

Fordommar

–Ein må få folk til å tenke og føle litt. Eg møter jo folk som har fordommar også. Dei har gjerne kritiske spørsmål som «Du vil jo vere mann, ikkje sant, kva er greia, kva driv du med?» Så fortel eg historia og dei blir kjent med meg. Då har eg sett at folk mildnar opp. Folk er folk og folk har kjensler. Eg har ei venninne austpå. Ho har tre born og tre barneborn. Første gong ein nemnte til ho at eg ville ha born sa ho, «Nei, du må ikkje sette born til denne verda. Du vil jo vere gut.» Det var første bodskapet frå ho, for ho skjønte ikkje dette. Eg drøymer om eigen familie, tenk for eit mirakel å kunne vere gravid og få eit barn sjølv, det er jo det største ein kan oppleve, sa eg, men ho klarte ikkje å svelge det. Så hadde vi nokre vener på besøk. Vi sat ein kveld og berre snakka om alt mogleg, og tema vart til slutt kva som var det største ein kunne oppleve her i livet. Jo, det var å sitte med barneborna sine, sa ho. 

–Dykk snakkar om det største her i livet, born, barneborn og familie. Kvifor unner du meg ikkje det, kvifor kan ikkje eg få det, kvifor er ikkje det noko for meg?, sa eg. Då såg eg ein reaksjon, og ho vart stirrande ned og vart ganske tynga ei stund etterpå.

Gå inn på Speis.no og søk "Barneønske IVF" for å finne Alex sin innsamlingsaksjon. Der kan du sjå kor mykje som er samla inn, og kor lenge det er att av innsamlinga.