Aktuell med ny gladlåt


I samarbeid med komponist og produsent Eirik Molnes Husabø, er Anita Nordheim frå Høyanger ute med singelen «Må bli bra».

Nordheim har skrive teksten, medan Eirik Molnes Husabø som både er komponist, musikar og produsent har laga musikken. Saman har dei to skapt songen «Må bli bra» i Husabø sitt eige studio i Florø med namnet «Verdens beste studio» .
– Bakgrunnen for singelen var at eg før jul var med i eit prosjektbasert band som heit « Wait a minute», der eg saman med 11 andre musikarar frå Sogn og Fjordane øvde inn eit konsertrepetoar med Husabø sine eigne songar som vi framførte i Florø samfunnshus. Det var utruleg gøy å samarbeide med han, og vi fann etter kvart ut at vi hadde lyst til å gjere eit sideprosjekt saman, der eg skriv tekstar på norsk som han er med og lagar melodi til, fortel Anita Nordheim til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn fredag