Ådne (18) fekk svart belte


Ådne Risa (18) frå Balestrand fekk svart belte då Høyanger karateklubb nyleg gjennomførte årets gradering.

Balestrendingen har trent i klubben i over ni år.

- Det var ei svært krevende gradering for Ådne, der han måtte vise fram alle teknikkar og kata (mønster, red mrk) i programmet vårt, opp til og med shodan-grad, som er svart belte. I tillegg måtte han gå korte kampar med armhevingar mellom kvar, fortel Michael Brant til Ytre Sogn.

I kvar stilart innan karate er det fem beltefargar, som kvar har to grader. Dei er oransje, blått, gult, grønn og brunt. Deretter kjem svart belte.

Fokus på stemne

Lillebror til Ådne, Olav Risa (15 år) og Trygve Sæbø (18 år) fekk utruleg nok dobbeltgradere seg, og kunne smykke seg med brunt belte, fortel Brant.


– Sensoren frå Bergen, Bjørn Solberg, var særdeles fornøgd med nivået, seier han.

No som graderinga er unnagjort skal dei har fokus på den komande stemnesesongen med kamptrening og kata (mønster).


– Høgdepunktet blir nok Bryne Open i slutten av mai, der også born får delta, seier han.

Elles bestod følgjande testen:

Eskil Haugen Østerbø (første oransje belte)
Martin Sæbø (første oransje belte)
Brynjar Fuglestad (andre oransje belte, dobbelt grad)
Christian Moritzgård (første oransje belte)
Dina Victoria Luggenses (første blå belte, dobbelt grad)
William Vedvik Bergstad (andre oransje belte)
Magnus Jonnyson Manseth (første oransje belte)
Mathias Sagen (første oransje belte)

Sensoren var veldig nøgd med nivået i Høyanger, fortel Michael Brant.