A-laget slo kraftig tilbake


Nikolas Gudvangen Trollebø fylte 16 år på fredag, og feira bursdagen ved å putte ballen i mål med hælen i ein kamp der Høyang slo kraftig tilbake. Det enda med ein solid 7-2 siger over Syril.

Høyang hadde mykje å rette opp etter det forsmedelige 9-1 tapet borte mot Eid. Då tabellnabo Syril kom på besøk var ingenting anna enn siger godt nok for spelarane på A-laget.

–Vi var ikkje høge i hatten då vi reiste frå Nordfjordeid sist helg, men spelargruppa har respondert på den flaue førestillinga på ein strålande måte, seier trenar Leif Arne Tveit.

Les meir om kampen i papirutgåva tysdag