A-laget er tilbake på treningsfeltet


- Det vart ei annleis trening, seier trenar Miguel Angel Molina. Onsdag kveld var han og resten av A-laget til IL Høyang tilbake på treningsfeltet.


Det var første gong på meir enn fem veker at laget var samla etter restriksjonane for organisert idrett som følgde med koronautbrotet.
 


- Det kjennest godt å vere i gang igjen etter såpass lang tid, seier Miguel Angel Molina, som tok over som hovudtrenar for A-laget før denne sesongen etter å ha vore assistenttrenar for Leif Arne Tveit dei siste to sesongane.


Og han var tydelegvis ikkje einaste som var glad for det. Heile 21 spelarar møtte opp til den første treninga på Sletta sidan tidleg i mars.



-Samstundes er det annleis på grunn av restriksjonane som framleis er når det gjeld smittevern. Ein skal til dømes ikkje trene i større grupper enn på fem, og ein skal også halde avstand til kvarandre.

Det set også avgrensingar for treningane. Ein vil jo helst spele fotball - gå i duellar, heade ballen og liknande, påpeikar han.



- Men det har vi ikkje høve til no, under koronautbrotet. Så det avgrensar seg til pasningsspel. Men slik må det også vere, understrekar Molina. 


Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!