92 år og bokaktuell –⁠ igjen


Med over 100 til stades var dagsenteret på Hyllestad omsorgssenter bokstaveleg talt fylt til randen av folk som ønskte å få med seg presentasjonen av Norvald Tveit si nye bok onsdag kveld.

I den nye boka «Kan det bli folk av slikt?» ser den snart 92 år gamle dramatikaren og forfattaren Norvald Tveit tilbake på oppveksten i Bøfjorden i ytre Sogn på 1930-talet. Tveit var eit såkalla uekte barn, og gjennom dei 73 historiane i boka får ein eit innblikk i livet hans frå han kom til pleieforeldra og fram til 11-12 års alderen.

Tveit har tidlegare gitt ut 19 bøker, 15 dramaskodespel, i tillegg til materiale til radio og fjernsyn. Etter fylte 90-år har han gitt ut bøkene «På reservetanken», «Dama» og no denne, og sjølv om forfattaren nærmar seg 92 år er framleis drivkrafta for å skrive til stades.

– Sjølv om det er over fleire år, så blir det jo ein del når ein legg det i hop. Eg hadde ein del problem i ungdomen før eg fann ut kva eg ville, og var jo nesten 50 år då eg starta med det som viste seg å vere noko eg hadde talent, som var å skrive skodespel og å vere dramatikar. Og sidan eg starta så seint må eg halde ut litt lengre enn dei som starta då dei er 20 år, sa Norvald under boksleppet.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Saman med forlagsredaktør i Selja forlag Anne Britt Fedøy (t.h.) fortalde Norvald Tveit litt frå den nye boka. Arnstein Mygland (i midten) står bak omslaget på boka.