70 år som korpsmedlem


Etter 70 års medlemskap i korps vart det både medalje, diplom og krus på Bjørn Olsen då representanten frå Norges Musikkorps Forbund delte ut årsmedaljar og heidersteikn under Sognens og musikkens dag i Høyanger.

– Det ligg nok i genene. Bestefar min var med og starta opp korpset i Vadheim, som er det eldste i kommunen, medan far min var med i Høyanger. Sjølv måtte eg spele for onkelen min, Karl Olsen, då eg ville inn i Fagforeningens musikklag. Det var tilbake i 1947. Eetterpå fekk eg uttdelt ein trompet, og sidan har det vore korps på meg, seier Bjørn Olsen til Ytre Sogn.

Det var også tilfelle då han ikkje budde i Høyanger. – Då eg avtente verneplikta mi var eg i marinekorpset. Så eg har alltid spelt i korps, uansett kor eg har vore, seier han og smiler. Og han er framleis aktiv.

– Ja, eg spelar i to korps. I tillegg til Fagforeningens musikklag er eg også med i Førde musikklag, og eg tykkjer framleis at det er kjekt.

Men det var fleire enn Bjørn Olsen i Fagforeningens musikklag som vart heidra av Kjell Mikkelsen, nestleiar NMF Nordvest, i samfunnshuset laurdag.

* Desse fekk tildelt NMF sine årsmedaljar og heidersteikn:


20 år: Ragnhild Strand
30 år: Elin Østerbø Marifjæren, Børge Gunnarskog og Bernt Olav Røneid.
40 år: Rune L. Strandos og Gry Sissel Sagen
60 år: Johnny Litzheim og Erling Sagen
70 år: Bjørn Olsen.

* Desse fekk FM sine eigne heidersmedaljar:

40 årspoeng:Terese Bjordal, Kirsti Oma, Bernt Olav Røneid. Gry Sissel Sagen
50 årspoeng: Kjell-Olav Oma
I tillegg fekk Randi Fasmer heidersmedaljen deira, som engasjert støttespelar for korpset.

Les meir om Songens ogmusikkens dag i Høyanger i siste utgåve av Ytre Sogn!