500 000 kr i støtte til Gunnar S. Galleriet


Gunnar S. Galleriet i Høyanger er eitt av i alt 17 kulturbygg i Vestland som får støtte i 2020.

Hovudutval for kultur, idrett pg integrering hadde tilsaman 6,3 millionar kroner til fordeling på møtet denne veka, og galleriet i Byporten i Høyanger fekk 500 000 kroner. 



Vestland fylkeskommune fekk inn 46 godkjende søknader om tilsaman 27,6 millionar kroner til kulturbygg.



– Det er svært gledeleg å kunne bidra til aktivitet i kulturhusa i fylket, men akkurat i denne ordninga skulle vi gjerne hatt veldig mykje meir pengar å dele ut. Behovet er enormt i heile Vestland når vi ser mengda med søknadar. Staten har kutta kraftig i spelemidlane til kulturbygg dei siste åra. Det gjer at fylkeskommunane sit att med ein mykje mindre pott til utdeling enn tidlegare, seier Stian Davies, som leiar hovudutval for kultur, idrett og integrering.



Andre kulturbygg i Sogn som fekk støtte var Mollandsmarki Grendahus i Lustert (54 000 kr), Sogndal kulturhus (750 000 kr) og Solvang ungdomshus i Årdal (223 000 kr).