Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Var ein ung på 60-talet og interessert i popmusikk var «Ti i skuddet» med Vidar Lønn-Arnesen noko ein måtte få med seg. (Pressefoto)

50 år sidan Høyanger var med i «Ti i skuddet»

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 31. januar 2019

Året var 1969 og ungdomar i Høyanger samla seg for å røyste fram favorittsongane sine i det populære radioprogrammet «Ti i skuddet». No gir Vidar Lønn-Arnesen oss eit gjenhøyr med dei same, klassiske songane.

Det skjer på Radio Vinyl klokka 17.00 fredag den 1. februar. Land og strand reiste dei rundt for å lage program i fleire år. Vidar Lønn-Arnesen & Co fylte samfunnshus, gymnastikksalar og aulaer med tenåringar som tørsta etter ny og spennande popmusikk.

– Overalt vart vi tekne godt imot, og køane for å vere med og røyste med mentometerknapp, dei var ofte lange, minnast Lønn-Arnesen.

For om ein var ung på 60-talet og interessert i popmusikk, var «Ti i skuddet» noko ein måtte få med seg. Konseptet var enkelt. Dei ti mest populære poplåtane, både norske og utanlandske, vart jamleg rangert i det som vart kalla Norges einaste smaksbarometer. Det var to ungdomsjuryar på to ulike stader i landet som røysta på favorittplatene sine.

Med mentometer

Denne veke skrur Radio Vinyl tida heilt tilbake til 31. januar 1969, då ivrige ungdomar hadde samla seg i Høyanger for å røyste over kva artistar som fortente ein plass i toppen. Dei oppmøtte ga poenga sine ved å trykkje på ein mentometerkapp, og mentometeret viste i prosent kor mange som trykka kvar gong. Røystesignalet var ein ikkje særleg vakker lyd, og var kjent blant lyttarane for å øydeleggje mange kassettopptak.
Musikken som fenga Høyanger-ungdomen aller mest denne dagen kom frå The Marmalade, som enda på førsteplass med 163 poeng. Like bak kom The Marbles og The Foundations. Og med heile to versjonar av Ob-la-di Ob-la-da på lista var det ingen tvil om at denne songen var spesielt populær.

Skape begeistring

Vidar Lønn-Arnesen, som sjølv hadde idéen til programmet på 60-talet, håpar at den nye serien «Tid – i skuddet» kan friske opp dei beste minna og skape den same begeistringa hos dagens lyttarar.

Slik røysta ungdomane i Høyanger 31. januar 1969:
1. The Marmalade – Ob-la-di Ob-la-da (163)
2. The Marbles – Only One Woman (137)
3. The Foundations – Build Me Up Buttercup (132)
3. Barry Ryan – Eloise (132)
5. The Bedrocks – Ob-la-di Ob-la-da (127)
6. Gun – Race With The Devil (123)
7. The Paper Dolls – Someday (119)
8. Herman’s Hermits – Something’s Happening (111)
9. Joe Cocker – With a Little Help From My Friends (109)
10. Dusty Springfield – Son of a Preacher Man (107

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord