40 år eldre på eitt minutt


I samband med teaterframsyninga «Evig ung» blir aktørane sminka som eldre utgåver av seg sjølve.

Vanlegvis tek det ein time, men i denne tidsforkorta videoen frå Sogn og Fjordane Teater kan du sjå Harald Dahlstrøm bli 40 år eldre – på eitt minutt.

Gjennom heile stykket trakterer han pianoet og akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste femti åra.

Dahlstrøm håpar og trur at «Evig Ung» kan vere ei hyllest til den eldre generasjonen. I tillegg får publikum oppleve mange gode låtar og skodespelarar med utrulege stemmer.

«Evig Ung» er eit særs underhaldande stykke med lattervekkjande, absurde situasjonar og kjende låtar, som mellom anna «Stayin’ Alive» og «Smells Like Teen Spirit”». Dahlstrøm gler seg til å spele framfor heimepublikummet i Høyanger.

– Mange av situasjonane som oppstår er slike som folk lett kan kjenne seg igjen i, så humoren trur eg vil treffe publikum i alle aldrar, fortel Dahlstrøm.

«Evig Ung» kjem til Høyanger 17. februar.