Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

På sin siste arbeidsdag var dei to ungdommane i full sving med høgtrykkspylar og sopekost for å reingjere trappene utanfor samfunnshuset.

39 unge med sommarjobb hos Høyanger kommune

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 8. juli 2019

-Det er helt greitt å ha sommarjobb i to veker slik at vi kan tene litt ekstra pengar til ferien, seier 17 år gamle Patrick Fredriksen og Helena Haaheim til Ytre Sogn.

I sommar har Høyanger kommune teke inn til saman 39 ungdommar i alderen 16-18 år som alle har fått sommarjobb i to veker kvar. To av dei er 17 år gamle Patrick Fredriksen og Helena Haaheim.
-Vi har jobba på samfunnshuset i to veker, der vår arbeidsoppgåve har vore mange av dei tinga som vaktmeistaren gjer. Mesteparten av arbeidet består av vedlikehald, opprydding og vasking både inne og ute. I dag er vi i gong med å fjerne mose og spyle trappene som er på sida av bygningen for å få den ren og fin. Det er helt greitt å jobbe i to veker å ha fri resten av ferien, for då tene vil litt peng og så får fleire moglegheit til å jobbe, seier dei.

Les meir i neste utgåve av ytre Sogn

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord