Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. august 2018
Ytre Sogn 20. august 2018

I løpet av nokre veker skal Tom Strønen (t.h) frå Protector Skilt setje opp i alt 260 vegskilt – nokre med namn, andre med nummer – rundt om i Høyanger kommune. Her i samtale med Eirik Norheim (t.v.), som har ansvaret for prosjektet i Høyanger kommune.

260 skilt skal opp

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 3. mars 2018

I løpet av nokre veker skal i alt 260 nye vegskilt opp rundt om i Høyanger kommune.

– Vi håpar i alle fall å ha fått opp mesteparten då. Det er ikkje alle stader det er mogleg å gjere no, på grunn av snømengdene som er litt oppi høgda. Stordalen, til dømes, må vente litt. Det same må vegen oppover mot Guddal og i Lavikdal. Men så snart veret tillet det kjem skilta opp der også, seier Eirik Norheim, GIS-ansvarleg i Høyanger kommune, til Ytre Sogn.

Det inneber blant anna at han har ansvaret for adresseprosjektet, som no har pågått i kommunen i nokre år.

Han fortel at Kartverket lenge har jobba for at fleire skal få gatedresser, som gjer det enklare å finne fram, til dømes for naudetatar.

– Det inneber at matrikkeladresser – det vil seie gards- og bruksnummer – vert bytta ut med vegadresser, seier Norheim når vi møter han i Frivika, mellom Kyrkjebø og Vadheim, på det som no har fått namnet Kyrkjebøvegen.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Eirik Norheim (f.v.) og Tom Strønen studerer karta som sistnemnde brukar når han set opp vegskilta.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord