Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

Treskofabrikken i Gulen vart starta i 1899 og produserte tresko fram til 1975. (Pressefoto)

258 600 kr til istandsetting av Sellevåg treskofabrikk


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 26. mars 2020

Sellevåg treskofabrikk i Gulen får 258 600 kroner i tilskot frå Riksantikvaren, til istandsetting og vedlikehald.

– Riksantikvaren har gjort ei streng prioritering av kva for kulturminne og tiltak som får tilskot. For 2020 fekk vi inn søknadar frå totalt 30 tekniske og industrielle kulturminne på om lag 161 millionar kroner. Vi hadde rundt 58 millionar kroner til fordeling, som dekker omtrent 36 prosent av den samla søknadssummen, seier riksantikvar Hanna Geiran.

I bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne får 15 utvalde anlegg støtte gjennom ein fast post på statsbudsjettet til istandsettjing, forvalting, drift og vedlikehald.

−I 2020 har vi prioritert istandsetting av fem anlegg. Det er Bredalsholmen verft, Haldenkanalen, Klevfos Cellulose- og papirfabrikk, Odda smelteverk og Rjukanbanen, og dei har mål om ferdigstilling i 2020, seier Geiran.



Tilskota bidreg blant anna til å finansiere handverksstillingar på anlegga. Dette er stillingar som skal sikre vedlikehold, ivareta kompetanse og kunnskap.


I 2020 gir også Riksantikvaren tilskot til i alt fire anlegg utanfor bevaringsprogrammet, og det freda anlegget i Gulen – Sellevåg treskofabrikk – er altså blant dei. 



Tilskot og korona


Tiltak mot spreiing av koronasmitte gjer at fleire tilskotsmottakarar kan møte på problem med å få satt vedlikehalds- og istandsettingstiltak ut i livet til planlagt tid.

– Vi oppmodar tilskotsmottakarar til å ta kontakt med sine lokale handverks- og fagmiljø, for å avtale nærare kva for arbeid som kan utførast, seier riksantikvaren. 


Nokre tiltak kan kanskje utførast no, medan mykje må vente til kvardagen vender attende til det normale. Det er nyttig for lokale verksemder å kunne legge planar
for oppdrag lenger fram i tid.



−Vi hos Riksantikvaren høyrer gjerne frå tilskotsmottakarane når dei utover våren får meir oversikt over kva for problem dei støyter på. Både med tanke på tilgang til gode fagressursar eller dersom det vert problem med å bruke tilskota i 2020, seier Geiran.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord