Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Ordførar Kjell Eide (f.v.) og kommuneoverlege Annette Ester held i ettermiddag pressekonferanse om smittesituasjonen i Hyllestad. (Pressefoto)


21 positive koronaprøvar i Hyllestad

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. november 2020

Det siste smitteutbrotet i Hyllestad kommune tel no 21 positive prøvar. Men ifølgje kommuneoverlege Anette Ester kan det bli fleire.

– Ikkje alle prøveresultata er klare enno, så det kan bli fleire som er positive, sa Ester då ho og ordførar Kjell Eide held pressekonferanse måndag ettermiddag, med ei oppdatering av smittesituasjonen.

Ho fortalde at to allereie har gjennomgått heile isolasjonsperioden, som betyr at vi no har 19 i isolasjon. I tillegg sit 73 i karantene.

– Dei oppheld seg i eiga isolasjonsbrakke inne på verftet sitt område, sa Ester. Smittesporing har pågått i helga.- Det pågår framleis og er ikkje fullført, understreka ho.

Utbrotet no har ikkje samanheng med det i september, anna enn at det også har opphavet sitt i importsmitte, det vil seie utanlandske arbeidarar ved verftet.

– Dei to første positive prøvane kom den 26.oktober, medan dei enno sat i karantene. Då hadde dei avlagt negativ prøve fire dagar før, den 22.oktober, opplyste Ester.

Dei hadde altså ikkje vore i arbeid på verftet.

Sendt heim

Eide sa at fokuset no er å hindre vidare smitte i produksjonen på verftet og kanskje ut i lokalsamfynnet.

– Som eitt ledd i dette vert nokre arbeidarar som har testa negativt og som ikkje har symptom sendt til heimlandet for gjennomføring av karantene.

Transporten dit vert gjennomført på ein smittevernfagleg trygg måte, i samråd med tilrådingar frå Folkehelseinstituttet.

– Det vil ikkje kome fleire nye utanlandske arbeidarar til verftet før jul. Men det var bestemt før dette utbrotet, sa Eide, som var i møte med verftet tidlegare i dag.

Han sa at dei hadde det ganske tøft akkurat no, og at utbrott kostar dei mykje pengar.

– Dei håpar imidlertid å ikkje måtte stenge ned meir, sa ordføraren.

På pressekonferansen vart det elles opplyst at barnehage og skule framleis held ope, men at dei sjølvsagt må vere ekstra påpasselege når det gjeld å følgje smittevernråd. Det same gjeld sjukeheim.

Idrettshallen vil derimot vere stengt.

– Elles vil vi be innbyggjarane om å følgje ekstra med når det gjeld symptom, og ha låg terskel for å be om å bli testa. Vi har god nok kapasitet, sa Ester.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord