2019 vart rekordår for SafeClean


Ikkje sidan 2014 har SafeClean hatt omsetnad på det nivået som bedrifta hadde i 2019. 


I 2019 flytta SafeClean inn i nye, større lokale på Kyrkjebø.

- No ser vi resultatet av langsiktig, målretta jobbing etter omstruktureringa vi måtte gjere då krisa i den globale olje- og gassnæringa traff oss - og mange andre. Som følgje av den måtte vi kutte både i tilsette og kostnader, samtidig med at vi bygde opp eit meir robust driftsgrunnlag, ved også å satse på andre landbaserte næringar, som prosessindustrien, seier Jon Refsnes, gründer og partner i SafeClean, til Ytre Sogn.


I fjor hadde nemleg bedrifta, som har spesialisert seg på å fjerne belegg som gir drifts- og miljøproblem blant anna i olje- og gassnæringa, ein omsetnad på vel 61 millionar kroner.

 Samstundes hadde dei eit overskot på vel 13 millionar kroner, også det rekord.


- Klart det er gøy når vi oppnår slike tal. Det gir stolthet over det vi har fått til, seier Refnses og trekk spesielt fram dei tilsette og jobben dei legg ned
.

I denne perioden har dei også teke viktige strategiske avgjerder. 


- Det eine var at vi i 2018 beslutta å etablere ny avdeling i Sløvåg i Gulen, noko vi såg effekten av frå 2019. Det andre var å flytte aktiviteten frå Høyanger til Kyrkjebø, med moglegheitene det gir oss, blant anna i høve til å utvide kapasiteten ved anlegget.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

- Klart det er gøy når vi oppnår slike tal, seier gründer og partner Jon Refsnes.