Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Med opplegget til Ap vil alle kommunane i ytre Sogn få meir pengar, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø

1,7 mill. meir til Høyanger

Journalist: Rune Sviggum | Publisert: 22. november 2017

Med Arbeiderpartiet sitt altnernative budsjett ville Høyanger kommune få godt og vel 1,7 millionar kroner meir enn regjeringa sitt budsjett. Det seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø til Ytre Sogn.

Alle kommunane i ytre Sogn vil få meir med Arbeidarpartiet sitt opplegg. Høyanger får altså 1 777 millionar kroner, Hyllestad 700 000 kroner, Gulen 1 177 millionar kroner, Solund 476 000 kroner og Balestrand 664 000 kroner. Totalt ville kommunane i Sogn og Fjordane få 46 596  kroner meir, seier ho. Sogn og Fjordane fylkeskommune ville fått i overkant av 72, 6 millionar kroner meir.

Fleire i arbeid

– Vi må ta fatt på dei store utfordringane Norge står framfor. Vi må få fleire ut i arbeid, klimautslippa må ned, vi må bygge ut helse- og omsorgstilboda og få fleire elevar til å lykkast i skulen. Ap sitt budsjett løyser nettopp desse oppgåvene, seier  Ingrid Heggø.

Les meir i Ytre Sogn

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord