Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

- Fredag kveld er det klart for lansering av Høyanger historielag si årbok, som vi denne gong har samarbeid med IL Høyang om, fortel Gaute Ljotebø i årboknemnda. Boka er for øvrig designa av Høyanger-firmaet Finurlig også i år.

100 år med idrettshistorie

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 29. november 2017

Nytt i år er at Høyanger historielag si årbok omhandlar eitt tema, nemleg idrett.

-Det er naturleg, i og med at vi i år kan feire at den organiserte idretten i Høyanger er 100 år, med etableringa av Høyanger idrettsforening i 1917, i dåverande Kyrkjebø kommune. Så då IL Høyang kontakta oss for eit år sidan, men spørsmål om vi kunne bistå dei med å fortelje historia til dei ulike idrettane i Høyanger – både før og no – svara vi med ein gong ja til det. Og etter kvart vart vi samde om å bruke heile årboka for 2017 til nettopp det, mot at dei bidro med materiale frå arkivet sitt, samt litt økonomisk støtte, fortel Gaute Ljotebø, som er redaktør for årboka som Høyanger historielag har gitt ut kvart år sidan 2010.

Men det er ikkje berre historia til idretten i Høyanger som blir fortald i årboka. Også dei andre idrettslaga i kommunen har fått mykje plass.

– Idrettslaga både på Kyrkjebø, Vadheim, Bjordal/Søreide, Ikjefjord og Torvund og Lavikdal som etter kvart vart samanslått til Lavik er med i bokja. Så lesarane vil få eit godt innblikk i aktiviteten som har vore – og er – rundt om i kommunen, seier Ljotebø.

Han fortel at årets bok også er meir omfattande enn dei føregåande.

– Årboka pleier å liggje på rundt 100 sider, men denne gong enda vi på mellom 130 og 140. Vi var nøydde til det om vi skulle få med alt vi ville, fortel han.

Årboka, som er den sjuande i rekkja, har blitt jobba med heile det siste året. Men spesielt det siste halve året har det vore meir intensivt. Ljotebø fortel at mange har bidrege, og nokre av dei blir kanskje å sjå på lanseringa, som blir i Joss Pub på Høyanger Hotel no på fredag.

– Vi trykkjer den vanlegvis i 750 eksemplar, men denne gong blir det 1000, i og med at denne årboka er litt spesiell, på grunn av idretten sitt 100-årsjubileum, seier Ljotebø og fortel at årbøkene pleier å selje bra.

– Det virkar som om det er mange som er interessert i historisk stoff, og det er vi sjølvsagt glade for, seier han.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord