Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

- Kvifor er kommunane og deira demokratisk folkevalde «fritekne» frå denne oppgåva? spør Høyanger-ordførar Petter Sortland i høyringsuttalen.

11 kollegaer er sett i karantene

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. mars 2020

– Etter at ein tilsett i Høyanger kommune måndag testa positivt på koronaviruset er 11 av kollegaene no sett i karantene, opplyser ordførar Petter Sortland.




Den smitta er tilsett innanfor tenesteområdet Helse og omsorg. 



– Vedkommande var på jobb, men hadde omtrent ikkje symptom, og er veldig lei seg for situasjonen som no har oppstått. Difor vil også vedkommande bli følgt opp og teken godt vare på, seier han til Ytre Sogn.



Korleis vedkommande har blitt smitta er førebels uklart, anna enn at det har skjedd innanlands.



– Difor har vi også gått tilbake og kartlagt kven vedkommande har vore i nærkontakt med sidan onsdag i førre veke, med det resultat at 11 kollegaer no er sett i karantene, seier han.

Den smitta skal ha vore i nærkontakt med 16 pasientar. 



– Alle desse blir no følgt opp at vårt kommunale helseapparat, seier Sortland.

Han opplyser også at to av kollegaene til den smitta har meldt frå til kommuneoverlegen om lettare symptom, og at dei no er bestilt testar på.



– Vi utførte fire testar i går, og skal utføre fire til i dag.

Han legg ikkje skjul på at det heile medfører driftsutfordringar.

– Samstundes må eg få rose dei tilsette i kommunen, som hjelper kvarandre på ein framifrå måte. Seinast i dag har vi kartlagt at over 30 personar innanfor tenesteområdet Oppvekst no er disponible for Helse og omsorg. Desse har alle helsefagleg bakgrunn, i ei eller anna form, seier Sortland.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord