100 stilte til start i Solnipasprinten


Solnipadagen på Søreide skal vere ein dag full av moro og glede. Laurdag gjentok Bjordal/Søreide Idrettslag suksessen frå 2018.

Dagen starta med Solnipasprinten oppe på fjellet over Søreide. I storslått natur hadde omlag 100 personar i alle aldrar møtt opp for å delta, og fleire hadde teke turen opp den bratte fjellsida for å heie fram deltakarane.

Primus motor og nestleiar i idrettslaget, Marte Søreide, var grytidleg på plass inne i fjellheimen for å legge til rette for arrangementet. Med seg hadde ho fleire gode hjelparar, som blant anna laga kiosk for servering av både kaffi og noko å bite i.

Les meir i papirutgåva tysdag